로그인

고린도전서 1장 Studentmållagsbibelen frå 1921

바울서신 · 1 Corinthians · Studentmållagsbibelen frå 1921 · 31절

절 보기

고린도전서 1장은 바울이 고린도 교회에 보낸 편지의 첫 장이다. 인사와 감사로 시작하여 교회 안의 분쟁을 꾸짖고, 세상의 지혜와 대비되는 십자가의 도를 말한다.

절 바로가기

1고린도전서 · Studentmållagsbibelen frå 1921
1Paulus, ved Guds vilje kalla til Kristi Jesu apostel, og broderen Sostenes
2til Guds kyrkjelyd som er i Korint, deim som er helga i Kristus Jesus, som er kalla, heilage, med alle deim som på kvar stad påkallar vår Herre Jesu Kristi namn, både deira og vår.
3Nåde vere med dykk og fred frå Gud, vår Fader, og Herren Jesus Kristus!
4Eg takkar alltid min Gud for dykk, for den Guds nåde som er dykk gjeven i Kristus Jesus,
5at de i honom er gjorde rike i alt, på all læra og i all kunnskap,
6liksom Kristi vitnemål er stadfest hjå dykk,
7so at det ikkje vantar dykk på nokor nådegåva, medan de ventar på vår Herre Jesu Kristi openberring, 해설
8han som og skal stadfesta dykk til enden, so de må vera ulastande på vår Herre Jesu Kristi dag.
9Gud er trufast, han som de vart kalla ved til samfund med hans Son Jesus Kristus, vår Herre.
10Men eg legg dykk på hjarta, brør, i vår Herre Jesu Kristi namn, at de alle må vera samtykte i dykkar tale, og at de ikkje må vera usamtykkje millom dykk, men at de må vera fullt sameina i same hugen og i same tanken. 해설
11For av huslyden hennar Kloe er det fortalt meg um dykk, mine brør, at det er kivsmål millom dykk.
12Det er dette eg meiner, at kvar av dykk segjer: «Eg held meg til Paulus,» «eg til Apollos,» «eg til Kefas,» «eg til Kristus.»
13Er Kristus sundskift? Er Paulus krossfest for dykk? Eller er det døypte til Paulus’ namn?
14Eg takkar Gud, at eg ikkje hev døypt nokon av dykk utan Krispus og Gaius,
15so ikkje nokon skal segja, at de vart døypte til mitt namn.
16Men det er sant, eg døypte og Stefanas’ hus. Elles veit eg ikkje, at eg hev døypt nokon annan.
17For Kristus sende meg ikkje ut til å døypa, men til å forkynna evangeliet, ikkje med vise ord, so Kristi kross ikkje skulde missa si kraft.
18For ordet um krossen er vel dårskap for deim som vert fortapte, men for oss som vert frelste, er det ei Guds kraft. 해설
19For det stend skrive: «Eg vil tyna visdomen hjå dei vise og spilla vitet hjå dei vituge.»
20Kvar er ein vismann? Kvar er ein skriftlærd? Kvar er ein granskar av denne verdi? Hev ikkje Gud gjort visdomen i verdi til dårskap?
21For då verdi ved sin visdom ikkje kjende Gud i Guds visdom, so fann Gud for godt ved forkynnings dårskap å frelsa deim som trur,
22etter som både jødar krev teikn, og grækarar søkjer visdom, 해설
23men me forkynner Kristus krossfest, som er ei avstyggjing for jødar og ein dårskap for grækarar,
24men for deim som er kalla, både jødar og grækarar, forkynner me Kristus, Guds kraft og Guds visdom.
25For Guds dårskap er visare enn menneski, og Guds vanmagt er sterkare enn menneski.
26Sjå då på dykkar kall, brør! at ikkje mange vise etter kjøtet vart kalla, ikkje mange megtige, ikkje mange høgætta;
27men det som er dårlegt i verdi, det hev Gud valt seg ut, so han kunde gjera dei vise til skammar, og det som er veikt i verdi, det hev Gud valt seg ut, so han kunde gjera det sterke til skammar.
28Og det som er lågt i verdi og vanvyrdt, det hev Gud valt seg ut, og det som er ingen ting, so han kunde gjera det til inkjes som er noko,
29so ikkje noko kjøt skal rosa seg for Gud.
30Men av honom er de i Kristus Jesus, som for oss hev vorte visdom frå Gud og rettferd og helging og utløysing,
31so at, som det stend skrive, den som rosar seg, skal rosa seg i Herren.

Studentmållagsbibelen frå 1921
절을 누르면 복사·공유·형광펜·메모를 쓸 수 있습니다. 점선 낱말은 교회백과 문서로 이어집니다.

이 장에 31절
1 / 16장

본문은 Studentmållagsbibelen frå 1921(노르웨이어(뉘노르스크)) — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) 형광펜·메모·읽은 표시는 판과 상관없이 같은 장에 함께 남습니다. 점선이 그어진 낱말은 교회백과에 문서가 있는 인물·지명·용어입니다(한 화면에 한 번씩만 표시). 형광펜·메모·읽은 표시는 이 브라우저에만 저장되며 내 표시에서 모아 볼 수 있습니다.

이 장의 구절 해설 문서 4

이 장을 언급한 문서

더 보기