1Framsegn um Nineve. Boki um syni hans Nahum, elkositen.
2Herren er ein streng Gud og ein hemnar, ja, ein hemnar er Herren, og full av harm; Herren hemner seg på motmennerne sine og held på vreiden mot uvenerne sine.
3Herren er sein til vreide, men han er stor i kraft, og slett ikkje let han nokon vera ustraffa. I uver og storm hev Herren sin veg, og skyerne er dumba um føterne hans.
4Han trugar havet og turkar det ut, alle elvarne let han torna. Då folnar Basan og Karmel, og groren på Libanon folnar burt.
5Bergi bivrar for honom, og haugarne brånar. Jordi lyftar seg for hans åsyn, jordriket med alle som i det bur.
6Kven kann standa for hans trugsmål, og kven kann halda ut hans brennande harm? Vreiden hans gøyser fram som eld, og bergi brest i sund for honom.
7Herren er god, ei vern på trengsledagen. Han kjenner deim som trøystar seg til honom.해설
8Men ved ei sturtflod gjer han ende på staden der den byen stend, og uvenerne hans skal myrkret elta.
9Ja, på dykkar uråder mot Herren gjer han ende. Ikkje tvo gonger tarv trengsla koma.
10For um dei og er ihopfløkte som klungerbuska og so fulle av livssaft som deira drykk av vin, so skal dei like fullt verta uppbrende som fullturr halm.
11Frå deg gjekk det ut ein mann som hadde ilt i hugen mot Herren. Nidingskap var det han etla seg til.
12So segjer Herren: Kor sterke og mange dei og mun vera, so skal dei like vel verta avskorne og kverva burt. Og um eg fyrr hev plåga deg, so skal eg ikkje gjera det no meir.
13For no vil eg brjota det oket han lagde på deg, og slita bandi dine.
14Men um deg byd Herren so: Inkje avkjøme skal heretter koma frå namnet ditt. Or huset åt guden din vil eg rydja ut både skorne og støypte bilæte. Ei grav vil eg bu til åt deg. For du er funnen for lett.
Studentmållagsbibelen frå 1921 절을 누르면 복사·공유·형광펜·메모를 쓸 수 있습니다. 점선 낱말은 교회백과 문서로 이어집니다.
이 장에 14절
1 / 3장
본문은 Studentmållagsbibelen frå 1921(노르웨이어(뉘노르스크)) — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) 형광펜·메모·읽은 표시는 판과 상관없이 같은 장에 함께 남습니다. 점선이 그어진 낱말은 교회백과에 문서가 있는 인물·지명·용어입니다(한 화면에 한 번씩만 표시). 형광펜·메모·읽은 표시는 이 브라우저에만 저장되며 내 표시에서 모아 볼 수 있습니다.