로그인

느헤미야 1장 Studentmållagsbibelen frå 1921

역사서 · Nehemiah · Studentmållagsbibelen frå 1921 · 11절

절 보기

느헤미야 1장은 바사의 수산궁에서 왕의 술 관원으로 일하던 느헤미야가 예루살렘 성이 무너졌다는 소식을 듣고 금식하며 죄를 자백하고 회복을 구하는 기도를 드리는 장이다.

절 바로가기

1느헤미야 · Studentmållagsbibelen frå 1921
1Fråsegni hans Nehemia, son åt Hakalja. I kislev månad, i det tjugande styringsåret, medan eg var i borg i Susan,
2kom Hanani dit, ein av brørne mine, og med honom nokre andre frå Juda. Eg frette deim ut om jødarne, dei av fangarne som hadde sloppe heim att, og um Jerusalem.
3Dei svara meg: «Dei av fangarne som hev sloppe heim att og er der i jarleriket, dei lid ulukkeleg skam og skade. Muren kring Jerusalem ligg nedbroten, og portarne er uppbrende.»
4Då eg høyrde denne fretnaden, sette eg meg ned og gret og syrgde dag etter dag. Eg fasta og bad til Gud i himmelen. 해설
5Eg sagde: «Å kjære Herre Gud i himmelen, den store, agelege Gud, som held pakti og held uppe miskunni mot deim som elskar honom, og som held bodi hans!
6Å, lat øyra ditt agta på bøni mi! Lat augo dine vera opne! Høyr tenaren din når eg kjem fram for deg og bed i dag! Dag og natt gjer eg bøner for Israels-borni, tenarane dine. Eg sannar synderne våre, som me Israels-borni hev gjort mot deg. Me hev synda både eg og ætti mi.
7Ille hev me forbrote oss mot deg. Me hev ikkje halde bodi og loverne og retterne som du baud Moses, tenaren din.
8Men kom i hug det ordet du gav Moses, tenaren din: «Fer de med svik, so vil eg spreida dykk millom folki;
9men vender de um til meg og held bodi mine og liver etter deim, so vil eg sanka dei spreidde, um dei so var burtstøytte til himmelens ende, og eg vil føra deim til den staden eg hev valt ut til bustad åt namnet mitt.»
10Dei er då tenarane dine og folket ditt som du fria ut med di store magt og di sterke hand.
11Å Herre, lat øyra ditt agta på bøni frå tenaren din og bøni frå tenarane dine, dei som gjerne vil ottast ditt namn. Å, lat tenaren din hava lukka med seg i dag; lat meg finna medhug hjå denne mannen!» - Eg var den gongen skjenkjar hjå kongen.

Studentmållagsbibelen frå 1921
절을 누르면 복사·공유·형광펜·메모를 쓸 수 있습니다. 점선 낱말은 교회백과 문서로 이어집니다.

이 장에 11절
1 / 13장

본문은 Studentmållagsbibelen frå 1921(노르웨이어(뉘노르스크)) — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) 형광펜·메모·읽은 표시는 판과 상관없이 같은 장에 함께 남습니다. 점선이 그어진 낱말은 교회백과에 문서가 있는 인물·지명·용어입니다(한 화면에 한 번씩만 표시). 형광펜·메모·읽은 표시는 이 브라우저에만 저장되며 내 표시에서 모아 볼 수 있습니다.

이 장의 구절 해설 문서 1

이 장을 언급한 문서

더 보기