로그인

디모데전서 1장 Studentmållagsbibelen frå 1921

바울서신 · 1 Timothy · Studentmållagsbibelen frå 1921 · 20절

절 보기

디모데전서의 첫 장. 바울이 에베소에 남은 디모데에게 다른 교훈을 막으라고 당부하고, 율법의 바른 용도와 자신이 받은 긍휼을 증언한 뒤 선한 싸움을 싸우라고 명한다.

절 바로가기

1디모데전서 · Studentmållagsbibelen frå 1921
1Paulus, Kristi Jesu apostel etter påbod frå Gud, vår frelsar, og Kristus Jesus, vår von,
2til Timoteus, min egtefødde son i trui: Nåde, miskunn, fred frå Gud Fader og Kristus Jesus, vår Herre!
3Som eg bad deg vera att i Efesus, då eg for til Makedonia, for at du skulde bjoda sume folk at dei ikkje skal fara med framand læra,
4og ikkje ansa eventyr og endelause ættartal, som heller fører til stridsspursmål enn til å vera Guds hushaldarar i trui: so gjer no det!
5Men endemålet med bodet er kjærleik av eit reint hjarta og eit godt samvit og ei uskrymta tru,
6som sume hev fare vilt ifrå og vendt seg burt til tomt svall,
7dei som vil vera lovlærarar, endå dei korkje skynar det dei sjølve segjer eller kva det er dei talar so fullvist um.
8Men me veit at lovi er god, dersom nokon brukar henne på lovleg vis,
9so han veit dette, at lovi ikkje er sett for ein rettferdig, men for lovlause og agelause, ugudlege og syndarar, vanheilage og ureine, fadermordarar og modermordarar, manndråparar, 해설
10horkarar, syndarar mot naturi, menneskjerøvarar, ljugarar, meineidarar, og um det elles er noko som er imot den heilsame læra,
11etter evangeliet um den sæle Guds herlegdom, det som er meg yverlate.
12Eg takkar honom som gjorde meg sterk, Kristus Jesus, vår Herre, at han heldt meg for tru, med di han sette meg til tenesta,
13meg som fyrr var ein spottar og forfylgjar og valdsmann, men eg fekk miskunn, av di eg gjorde det uvitande, i vantru,
14og nåden hjå vår Herre viste seg ovleg stor i tru og kjærleik i Kristus Jesus.
15Sant er det ordet og vel verdt å taka imot, at Kristus Jesus kom til verdi for å frelsa syndarar, og millom deim er eg den største;
16men difor fekk eg miskunn, at Jesus Kristus kunde syna alt sitt langmod på meg fyrst, til eit fyredøme for deim som skulde tru på honom til ævelegt liv.
17Men den ævelege konge, den uforgjengelege, usynlege, einaste Gud vere pris og æra i all æva! Amen.
18Dette bod legg eg deg på hjarta, min son Timoteus, etter dei spådomar som fyrr er sagde um deg, so du i deim skal strida den gode striden,
19med di du hev tru og eit godt samvit, som sume hev støytt ifrå seg og lide skipbrot på trui;
20imillom deim er Hymenæus og Aleksander, som eg hev gjeve yver til Satan, so dei skal verta tukta til å lata vera å spotta.

Studentmållagsbibelen frå 1921
절을 누르면 복사·공유·형광펜·메모를 쓸 수 있습니다. 점선 낱말은 교회백과 문서로 이어집니다.

이 장에 20절
1 / 6장

본문은 Studentmållagsbibelen frå 1921(노르웨이어(뉘노르스크)) — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) 형광펜·메모·읽은 표시는 판과 상관없이 같은 장에 함께 남습니다. 점선이 그어진 낱말은 교회백과에 문서가 있는 인물·지명·용어입니다(한 화면에 한 번씩만 표시). 형광펜·메모·읽은 표시는 이 브라우저에만 저장되며 내 표시에서 모아 볼 수 있습니다.

이 장의 구절 해설 문서 1

이 장을 언급한 문서

더 보기