1Paulus, ved Guds vilje Kristi Jesu apostel til å forkynna lovnaden um livet i Kristus Jesus,
2til Timoteus, min kjære son: Nåde, miskunn, fred frå Gud Fader og Kristus Jesus, vår Herre!
3Eg takkar Gud, som eg alt frå forfederne tener i eit reint samvit, liksom eg uavlatande kjem deg i hug i mine bøner natt og dag,
4og når eg hugsar dine tåror, lengtar eg etter å sjå deg, so eg kann verta fyllt med gleda,
5då eg er mint um den skrymtlause trui som er i deg, den som fyrst budde i Lois, mormor di, og i Eunike, mor di, og som eg er viss på bur i deg og.
6Difor minner eg deg um å kveikja upp att den Guds nådegåva som er i deg ved mi handpåleggjing.
7For Gud gav oss ikkje ei ande som verkar modløysa, men ein som verkar kraft og kjærleik og umtanke.해설
8Skjemmast difor ikkje ved vår Herres vitnemål eller ved meg, hans fange, men lid vondt med meg for evangeliet i Guds kraft!
9han som frelste oss og kalla oss med eit heilagt kall, ikkje etter våre gjerningar, men etter si eigi rådgjerd og den nåden som er oss gjeven i Kristus Jesus frå ævelege tider,해설
10men no er openberra ved vår frelsar Jesu Kristi openberring, han som gjorde dauden til inkjes og førde liv og uforgjengelegdom fram for ljoset ved evangeliet;
11og for det vart eg sett til forkynnar og apostel og lærar for heidningar.
12Difor lid eg og dette, men eg skjemmest ikkje ved det; for eg veit kven eg hev sett mi tru til, og eg er viss på at han er megtig til å taka vare på det som er yvergjeve til meg, til hin dagen.
13Hav til fyredøme dei heilsame ordi som du høyrde av meg, i tru og kjærleik i Kristus Jesus!
14Tak vare på den fagre skatt som er yvergjeven til deg, ved den Heilage Ande, som bur i oss!
15Du veit dette, at alle dei i Asia vende seg frå meg, og millom dei er Fygelus og Hermogenes.
16Herren vise miskunn mot Onesiforus’ hus! for han hugga meg ofte og skjemdest ikkje ved mine lekkjor.
17Men då han var komen til Rom, leita han med stor umak etter meg og fann meg.
18Herren gjeve at han må finna miskunn hjå Herren på hin dagen! Og kor mykje han tente meg i Efesus, det veit du best.
Studentmållagsbibelen frå 1921 절을 누르면 복사·공유·형광펜·메모를 쓸 수 있습니다. 점선 낱말은 교회백과 문서로 이어집니다.
이 장에 18절
1 / 4장
본문은 Studentmållagsbibelen frå 1921(노르웨이어(뉘노르스크)) — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) 형광펜·메모·읽은 표시는 판과 상관없이 같은 장에 함께 남습니다. 점선이 그어진 낱말은 교회백과에 문서가 있는 인물·지명·용어입니다(한 화면에 한 번씩만 표시). 형광펜·메모·읽은 표시는 이 브라우저에만 저장되며 내 표시에서 모아 볼 수 있습니다.