로그인

말라기 1장 Studentmållagsbibelen frå 1921

소선지서 · Malachi · Studentmållagsbibelen frå 1921 · 14절

절 보기

말라기서의 첫 장으로, 하나님이 야곱을 택하여 사랑했음을 밝히고 흠 있는 제물을 바치는 제사장들을 꾸짖으며 이방 민족 가운데서 그 이름이 높아질 것을 선포하는 내용이다.

절 바로가기

1말라기 · Studentmållagsbibelen frå 1921
1Ei framsegn. Herrens ord til Israel ved Malaki.
2Eg hev elska dykk, segjer Herren. Og de spør: «Korleis hev du elska oss?» Er ikkje Esau bror åt Jakob? segjer Herren. Og eg elska Jakob,
3men Esau hata eg, og eg hev gjort hans fjell til ei øydemark og odelen hans til ein heidebustad.
4Når Edom segjer: «Me ligg i røys, men me skal byggja røyserne upp att,» då svarar Herren, allhers drott: Dei byggjer, men eg riv ned; dei skal heita Gudløyselandet og folket som Herren er æveleg harm på.
5De skal sjå det med eigne augo, og de skal segja: «Herrens velde når ut yver Israels grensa.»
6Ein son ærar far sin og ein tenar herren sin. Er no eg far, kvar er då mi æra, og er eg herre, kvar er då otten for meg? segjer Herren, allhers drott, til dykk, de prestar som vanvyrder namnet mitt. Og de spør: «Korleis hev me vanvyrdt namnet ditt?»
7Jau, de ber fram sulka mat på altaret mitt. Og de spør: «Kva hev me sulka deg med?» Jau, de segjer: «Herrens bord er ikkje vyrdande.
8Um de kjem med eit blindt dyr til offer, so er ikkje det noko gale, og kjem de med eit halt og eit sjukt, so er det ikkje noko gale.» Kom med sovorne gåvor til jarlen din! Skal tru han vert blid på deg eller tek vel imot deg? segjer Herren, allhers drott.
9So blidka no Gud, at han må vera oss nådig! Med eigne hender hev de gjort slikt, kann han då taka vel mot dykk? segjer Herren, allhers drott.
10Å, um det fanst nokon millom dykk som vilde stengja dørerne, so de slapp å gjera upp eld til fåfengs på altaret mitt! Eg hev ingen hugnad i dykk, segjer Herren, allhers drott, og offergåva frå dykkar hand likar eg ikkje.
11For frå solekoma til soleglad er mitt namn stort millom folki, og på kvar ein stad vert det frembore røykoffer åt namnet mitt og rein offergåva; for namnet mitt er stort millom folkeslagi, segjer Herren, allhers drott.
12Men de vanhelgar det med di de segjer: «Herrens bord er sulka, og maten som fell av frå det, er ikkje vyrdande.»
13«Å, for ei møda!» segjer de, og de blæs åt det, segjer Herren, allhers drott; og når de ber fram offergåvor, kjem de med det som de hev rana, det som er halt og sjukt. Skulde eg hava hugnad i slike gåvor frå dykkar hand? segjer Herren.
14Nei, forbanna vere den som fer med svik, som eig handyr i buskapen og hev gjort ein lovnad, men so ofrar til Herren eit gjelddyr. Ein stor konge er eg, segjer Herren, allhers Gud, og namnet mitt er skræmeleg millom folki.

Studentmållagsbibelen frå 1921
절을 누르면 복사·공유·형광펜·메모를 쓸 수 있습니다. 점선 낱말은 교회백과 문서로 이어집니다.

이 장에 14절
1 / 4장

본문은 Studentmållagsbibelen frå 1921(노르웨이어(뉘노르스크)) — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) 형광펜·메모·읽은 표시는 판과 상관없이 같은 장에 함께 남습니다. 점선이 그어진 낱말은 교회백과에 문서가 있는 인물·지명·용어입니다(한 화면에 한 번씩만 표시). 형광펜·메모·읽은 표시는 이 브라우저에만 저장되며 내 표시에서 모아 볼 수 있습니다.

이 장을 언급한 문서

더 보기