빌레몬서 1장 Studentmållagsbibelen frå 1921
바울서신 · Philemon · Studentmållagsbibelen frå 1921 · 25절
📝 이 장의 개요 흐름·핵심 구절·인물 더 보기 →
빌레몬서 1장은 한 장으로 된 빌레몬서 전체이다. 갇힌 바울이 빌레몬에게 오네시모를 종이 아니라 사랑받는 형제로 맞아 달라고 부탁하는 짧은 편지이다.
절 바로가기
1빌레몬서 · Studentmållagsbibelen frå 1921
1Paulus, Kristi Jesu fange, og broderen Timoteus til Filemon, vår kjære ven og medarbeidar,
2og til Apfia, vår syster, og til Arkippus, vår medstridsmann, og til kyrkjelyden i ditt hus:
3Nåde vere med dykk og fred frå Gud, vår Fader, og Herren Jesus Kristus!
4Eg takkar alltid min Gud, når eg kjem deg i hug i bønerne mine,
5då eg høyrer um din kjærleik og den tru som du hev til Herren Jesus og til alle dei heilage,
6at deira samfund med deg i trui må verta verksamt for Kristus i kjennskapen til alt det gode som er i dykk. 해설
7For eg fekk stor gleda og trøyst ved din kjærleik, av di dei heilage er hugga i hjarta ved deg, bror!
8Difor, endå eg hev stort frimod i Kristus til å påleggja deg det som sømelegt er,
9so bed eg då heller for kjærleiken skuld. Slik som eg er, den gamle Paulus, men no og Kristi Jesu fange,
10bed eg deg for son min, som eg hev avla i mine lekkjor, Onesimus,
11som fyrr var unyttug for deg, men no er nyttug for deg og for meg, han som eg sender attende til deg.
12Tak du imot honom, det er mitt eiga hjarta!
13Eg hadde hug til å få hava honom hjå meg, so han i din stad kunde tena meg i mine lekkjor for evangeliet,
14men utan ditt samtykkje vilde eg ingen ting gjera, so din godleik ikkje skulde vera liksom av tvang, men av fri vilje.
15For kann henda han difor vart skild frå deg for ei stund, at du kunde få honom att til æveleg eiga,
16ikkje lenger som træl, men meir enn ein træl, som ein kjær bror, serleg for meg, men kor mykje meir for deg, både i kjøtet og i Herren!
17So sant du då held meg for din medbror, so tak imot honom som meg sjølv!
18Og hev han gjort deg nokon urett, eller er han deg noko skuldig, so før det på mi rekning.
19Eg, Paulus, skriv med mi eigi hand: Eg skal betala det - at eg ikkje skal segja deg, at du skyldar meg endå deg sjølv.
20Ja, bror, lat meg då hava gagn av deg i Herren, hugga mitt hjarta i Kristus!
21I tiltru til din lydnad skriv eg dette til deg, eg er viss på at du vil gjera endå meir enn eg segjer.
22Stell so og til herbyrge åt meg; for eg vonar at eg ved dykkar bøner skal verta dykk gjeven.
23Epafras, min medfange i Kristus Jesus, helsar deg;
24like eins Markus, Aristarkus, Demas, Lukas, mine medarbeidarar.
25Vår Herre Jesu Kristi nåde vere med dykkar ånd!
Studentmållagsbibelen frå 1921
절을 누르면 복사·공유·형광펜·메모를 쓸 수 있습니다. 점선 낱말은 교회백과 문서로 이어집니다.
본문은 Studentmållagsbibelen frå 1921(노르웨이어(뉘노르스크)) — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) 형광펜·메모·읽은 표시는 판과 상관없이 같은 장에 함께 남습니다. 점선이 그어진 낱말은 교회백과에 문서가 있는 인물·지명·용어입니다(한 화면에 한 번씩만 표시). 형광펜·메모·읽은 표시는 이 브라우저에만 저장되며 내 표시에서 모아 볼 수 있습니다.
이 장의 구절 해설 문서 1
이 장을 언급한 문서
더 보기
글자 크기
바탕색과 글자색 (읽기 화면만)
글꼴
글자 두께
줄 간격
표시
읽어 주기 속도
읽어 주기