사사기 1장 Studentmållagsbibelen frå 1921
역사서 · Judges · Studentmållagsbibelen frå 1921 · 36절
📝 이 장의 개요 흐름·핵심 구절·인물 더 보기 →
사사기 1장은 여호수아가 죽은 뒤 이스라엘 지파들이 가나안 땅을 차지하려고 싸운 일을 지파별로 기록한다. 유다 지파는 여러 곳을 얻었고, 여러 지파는 가나안 사람을 다 쫓아내지 못했다.
절 바로가기
1사사기 · Studentmållagsbibelen frå 1921
1Då Josva var avliden, spurde Israels-sønerne Herren: «Kven av oss skal taka fyrst ut i striden mot kananitarne?»
2Og Herren svara: «Juda skal taka ut. No gjev eg landet i hans hender!»
3Då sagde Juda med Simeon, bror sin: «Ver med meg til min lut, og lat oss båe strida mot kananitarne, so skal eg vera med deg til din lut.» Og Simeon vart med honom.
4So tok Juda-sønerne ut, og Herren gav kananitarne og perizitarne i henderne deira; dei slo deim i Bezek og felte ti tusund mann.
5I Bezek møtte dei Adoni-Bezek, og dei stridde mot honom og slo kananitarne og perizitarne.
6Adoni-Bezek rømde; men dei sette etter honom, og tok honom og hogg av honom tumarsfingrarne og stortærne.
7Då sagde han: «Sytti kongar med avhogne tumarsfingrar og stortær sanka smular under mitt bord. No hev Gud gjeve meg like for det eg gjorde!» So førde dei honom til Jerusalem, og der døydde han.
8Juda-sønerne kringsette Jerusalem, og tok byen, og øydde honom med odd og egg, og sette eld i husi.
9Sidan for dei ned og stridde mot dei kananitarne som budde i fjell-landet og i Sudlandet og i låglandet.
10Fyrst gjekk dei mot kananitarne som budde i Hebron - Hebron heitte fyrr i tidi Kirjat-Arba - og dei slo Sesai og Ahiman og Talmai.
11So gjekk dei mot Debir-buarne. - Debir heitte fyrr i tidi Kirjat-Sefer -
12Då sagde Kaleb: «Den som kann taka Kirjat-Sefer, skal få Aksa, dotter mi.»
13Otniel, son åt Kenaz, Kalebs yngre bror, tok byen, og fekk Aksa, dotter hans Kaleb.
14Då so ho skulde flytja heim til honom, eggja ho honom til å beda far hennar um ein jordveg, og sjølv hoppa ho ned av asnet. «Kva er det du vil?» spurde Kaleb.
15«Lat meg få ei velfargåva!» svara ho. «Du hev gift meg burt til dette turre Sudlandet; gjev meg no vatskjeldor!» So gav han henne Øvregullot og Nedregullot.
16Etterkomarane etter keniten, verbror åt Moses, for med Juda-sønerne frå Palmestaden upp til Judaheidi som ligg sunnanfor Arad, og vart buande der saman med folket.
17Sidan gjekk Juda med Simeon, bror sin, og dei vann yver kananitarne som budde i Sefat. Dei bannstøytte byen; difor heitar han no Horma.
18Og Juda-mennerne tok Gaza og Askalon og Ekron med alt landet som låg til dei byarne.
19Herren var med Juda-sønerne, og dei lagde under seg fjellbygderne; men dei var ikkje god til å driva ut slettebuararne; for dei hadde jarnvogner.
20Dei gav Hebron til Kaleb, som Moses hadde sagt, og han dreiv dei tri Anaks-sønerne ut or bygdi.
21Benjamins-sønerne dreiv ikkje ut jebusitarne som budde i Jerusalem; jebusitarne vart buande i Jerusalem saman med Benjamins-sønerne og hev butt der til denne dag.
22Josefs-ætti tok og ut i striden; dei gjekk mot Betel, og Herren var med deim.
23Då dei låg på vakt kring Betel - den byen heitte fyrr i tidi Luz -
24fekk spæjarane deira sjå ein mann som kom ut or byen. Og dei sagde til honom: «Kjære, syn oss kvar me kann koma inn i byen, so skal me gjera vel mot deg!»
25So synte han dei kvar dei kunde koma inn, og dei øydde byen med odd og egg, men mannen og heile ætti hans let dei fara sin veg.
26Han for til Hetitarlandet, og bygde ein by; den kalla han Luz, og det namnet hev byen havt til denne dag.
27Manasse øydde ikkje Bet-Sean og Ta’anak og Dor og Jibleam og Megiddo og bygderne som låg under dei byarne, og kananitarne var god til å halda seg der i landet.
28Då Israels-folket vart sterkare, tvinga dei kananitarne til å træla for seg, men dreiv deim ut gjorde dei ikkje.
29Efraim dreiv ikkje ut kananitarne som budde i Gezer; kananitarne vart buande millom Efraims-sønerne i Gezer.
30Sebulon dreiv ikkje ut deim som budde i Kitron og i Nahalol; kananitarne vart buande millom Sebulons-sønerne, men laut gjera trælearbeid.
31Asser dreiv ikkje ut dei som budde i Akko og i Sidon, og øydde ikkje Ahlab og Akzib og Helba og Afik og Rehob;
32asseritarne busette seg millom kananitarne som åtte heime i landet, og dreiv deim ikkje ut.
33Naftali-sønerne dreiv ikkje ut deim som budde i Bet-Semes og i Bet-Anat; dei busette seg millom kananitarne som åtte heime i landet. Men folket i Bet-Semes og Bet-Anat laut træla for deim.
34Amoritarne trengde Dans-sønerne upp i fjelli, og let deim ikkje få koma ned på sletta.
35Sjølve var dei god til å halda seg i Har-Heres og i Ajjalon og Sa’albim, men sidan fekk Josefs-ætti yvertaket, og nøydde deim til å træla for seg.
36Landskilet åt amoritarne gjekk frå Skorpionskardet um Knausen og uppetter.
Studentmållagsbibelen frå 1921
절을 누르면 복사·공유·형광펜·메모를 쓸 수 있습니다. 점선 낱말은 교회백과 문서로 이어집니다.
본문은 Studentmållagsbibelen frå 1921(노르웨이어(뉘노르스크)) — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) 형광펜·메모·읽은 표시는 판과 상관없이 같은 장에 함께 남습니다. 점선이 그어진 낱말은 교회백과에 문서가 있는 인물·지명·용어입니다(한 화면에 한 번씩만 표시). 형광펜·메모·읽은 표시는 이 브라우저에만 저장되며 내 표시에서 모아 볼 수 있습니다.
이 장을 언급한 문서
더 보기
최근 읽은 곳
사사기 21장
초성으로 성경찾기
구약 39권
신약 27권
← → 키나 본문을 옆으로 밀어도 앞뒤 장으로 넘어갑니다.
글자 크기
바탕색과 글자색 (읽기 화면만)
글꼴
글자 두께
줄 간격
표시
읽어 주기 속도
읽어 주기