1Ord av Amos, ein av hyrdingarne frå Tekoa, som han såg i sine syner um Israel i dei dagarne då Uzzia var konge i Juda og Jeroboam Joasson konge i Israel, tvo år fyre jordskjelven.
2Han sagde: Herren burar frå Sion, frå Jerusalem gjallar hans mål. Då sturer dei hyrding-lider, og Karmels hovud vert svidd.
3So segjer Herren: For trifald misgjerd av Damask og for firfald eg ikkje meg attrar. For di dei Gilead treskte med sledar av jarn,
4so sender eg eld mot Hazaels hus, han skal øyda Benhadads borger.
5So bryt eg bommen til Damask og tyner Bikat-Avens folk og kongsstavmannen i Bet-Eden, og Aram skal drivast burt til Kir, segjer Herren.
6So segjer Herren: For trifald misgjerning av Gaza og for firfald eg ikkje meg attrar. For di dei heile grender dreiv ut og gav deim i Edoms vald,
7So sender eg eld mot Gazas mur, han skal øyda deira borger,
8so tyner eg Asdods folk og Askalons kongsstavs-mann. Mot Ekron eg retter mi hand, slær filistarn’ til siste mann, segjer Herren, Herren.
9So segjer Herren: For trifald misgjerd av Tyrus, for firfald eg ikkje meg attrar. For di heile grender til Edom dei dreiv og ikkje på brødrabandet gav gaum,
10so sender eg eld mot Tyrus-muren, han skal øyda deira borgar.
11So segjer Herren: For trifald misgjerd av Edom, for firfald eg ikkje meg attrar. For di han elte bror sin med sverd og kjøvde sin samhug, men vreiden jamt i han øydde, og han æveleg gøymde sin harm,
12so sender eg eld imot Teman, han skal øyda Bosras borger.
13So segjer Herren: For trifald misgjerd av Ammons-borni og for firfald eg ikkje meg attrar. For di dei i Gilead konor med barn skar upp, då dei vilde auka sitt land,
14So kveikjer eg eld i Rabbas mur, han skal øyda deira borger, medan herropet dunar i striden, og eit hardver på stormdagen blæs,
15og i landlysing kongen skal gå, han sjølv med hovdingarn’ saman, segjer Herren.
Studentmållagsbibelen frå 1921 절을 누르면 복사·공유·형광펜·메모를 쓸 수 있습니다. 점선 낱말은 교회백과 문서로 이어집니다.
이 장에 15절
1 / 9장
본문은 Studentmållagsbibelen frå 1921(노르웨이어(뉘노르스크)) — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) 형광펜·메모·읽은 표시는 판과 상관없이 같은 장에 함께 남습니다. 점선이 그어진 낱말은 교회백과에 문서가 있는 인물·지명·용어입니다(한 화면에 한 번씩만 표시). 형광펜·메모·읽은 표시는 이 브라우저에만 저장되며 내 표시에서 모아 볼 수 있습니다.