로그인

에베소서 1장 Studentmållagsbibelen frå 1921

바울서신 · Ephesians · Studentmållagsbibelen frå 1921 · 23절

절 보기

에베소서 1장은 바울의 인사로 시작해, 그리스도 안에서 받은 선택·구속·성령의 인치심을 찬양하고, 독자들이 하나님을 더 깊이 알기를 구하는 기도로 이어지는 장이다.

절 바로가기

1에베소서 · Studentmållagsbibelen frå 1921
1Paulus, Jesu Kristi apostel ved Guds vilje, til dei heilage i Efesus som trur på Kristus Jesus:
2Nåde vere med dykk og fred frå Gud, vår Fader, og Herren Jesus Kristus!
3Lova vere Gud og vår Herre Jesu Kristi Fader, som hev velsigna oss med all åndeleg velsigning i himmelen i Kristus, 해설
4liksom han valde oss ut i honom, fyrr verdi vart grunnlagd, at me skulde vera heilage og ulastelege for hans åsyn, 해설
5med di han i kjærleik fyreåt etla oss til barnekår hjå seg sjølv ved Jesus Kristus etter si frie vilje-rådgjerd,
6til lov for sin herlege nåde, som han gav oss i honom som han elskar.
7I honom hev me utløysingi ved hans blod, forlating for synderne, etter rikdomen av hans nåde,
8som han gav oss rikleg i all visdom og vitsemd,
9då han kunngjorde oss løyndomen um sin vilje etter si frie rådgjerd, som han fyresette seg med seg sjølv,
10um eit hushald han vilde skipa når tiderne var fullkomne, nemleg at han atter vilde sameina alt til eitt i Kristus, både det som er i himmelen, og det som er på jordi.
11Og i honom hev me og fenge arvlut, etter at me fyreåt var etla dertil etter hans fyresetning som verkar alt etter si vilje-rådgjerd, 해설
12so me skulde vera hans herlegdom til lov, me som fyreåt hadde vona på Kristus.
13Og i honom hev de og, då de hadde høyrt sannings-ordet, evangeliet um dykkar frelsa - i honom hev de og, då de hadde teke ved trui, fenge til innsigle den Heilage Ande, som var oss lova,
14han som er pantet på vår arv til hans eigedomsfolks utløysing, hans herlegdom til lov.
15Difor, sidan eg høyrde um dykkar tru på Herren Jesus og um dykkar kjærleik til alle dei heilage,
16so held eg ikkje upp med å takka for dykk når eg kjem dykk i hug i mine bøner,
17at vår Herre Jesu Kristi Gud, herlegdomens Fader, må gjeva dykk visdoms og openberrings Ande til kunnskap um seg,
18og gjeva dykkar hug upplyste augo, so de kann kjenna kva von det er han hev kalla dykk til, og kor rik på herlegdom hans arv er ibland dei heilage,
19og kor yvervættes stor hans magt er for oss som trur, etter verknaden av hans velduge kraft,
20som han synte på Kristus, då han vekte honom upp frå dei daude og sette honom ved si høgre hand i himmelen,
21høgt yver all magt og yverråd og alt velde og herredøme og yver kvart namn som vert nemnt, ikkje berre i denne verdi, men og i den tilkomande,
22og han lagde alt under hans føter og gav honom som hovud yver alle ting åt kyrkja,
23som er hans likam, fyllt av honom som fyller alt i alle.

Studentmållagsbibelen frå 1921
절을 누르면 복사·공유·형광펜·메모를 쓸 수 있습니다. 점선 낱말은 교회백과 문서로 이어집니다.

이 장에 23절
1 / 6장

본문은 Studentmållagsbibelen frå 1921(노르웨이어(뉘노르스크)) — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) 형광펜·메모·읽은 표시는 판과 상관없이 같은 장에 함께 남습니다. 점선이 그어진 낱말은 교회백과에 문서가 있는 인물·지명·용어입니다(한 화면에 한 번씩만 표시). 형광펜·메모·읽은 표시는 이 브라우저에만 저장되며 내 표시에서 모아 볼 수 있습니다.

이 장의 구절 해설 문서 3

이 장을 언급한 문서

더 보기