로그인

요엘 1장 Studentmållagsbibelen frå 1921

소선지서 · Joel · Studentmållagsbibelen frå 1921 · 20절

절 보기

요엘서 첫 장으로, 유다 땅을 휩쓴 메뚜기 재앙과 가뭄을 묘사하고 백성과 제사장에게 애곡과 금식, 성회를 촉구하며 "여호와의 날"이 가깝다고 외친다.

절 바로가기

1요엘 · Studentmållagsbibelen frå 1921
1Herrens ord som kom til Joel Petuelsson.
2Gjev gaum åt dette, de som gamle er. Og lyd på det kvar som bur i landet! Hev sovore hendt i dykkar tid, eller i dykkar fedra-tid?
3Fortel det til dykkar born, og dykkar born til sine born, og deira born til ei ætt som kjem!
4Det som gnagaren leivde, åt grashoppen upp. Det som grashoppen leivde, åt bitaren upp. Det som bitaren leivde, åt etaren upp.
5Vakna, de drukne, og gråte, jamra, vindrikkarar alle! For druvesafti er rivi dykk frå munn.
6Eit folk hev fare yver landet mitt, veldugt og utan tal, med tenner som løvetenner, dei jakslar som løvor hev.
7Vintrei mine er tynte og fiketre brotne ned, dei hev flekt deim reint og hivt deim, det heng kvite greiner på.
8Klaga som ei møy som syrgjeklædd gjeng yver sin ungdoms brudgom.
9Grjon- og drykkoffer er kvorvne frå Herrens hus, prestarne syrgjer, Herrens tenarar.
10Åkrar er øydde, jordi jamrar. For øydt er kornet, vinsafti magtlaus, oljen er kvorven.
11Bonden er magtstolen, vindyrkar rådlaus for kveite og bygg, grøda på marki er tynt.
12Vintre er mergstolne, fiketre folna. Granattre og palma og apall, alle tre hev turka burt. Ja, fagnaden er stolen frå mannaheim.
13Syrgjeklædde klage, de prestar! Jamra dykk, de som tener ved altaret! Gakk inn og vake syrgjeklædde, de min Guds tenarar! For burte frå dykkar Guds hus er grjon- og drykkoffer.
14Lys ut fasta og heilag samling, få dei gamle i hop, ja alle som bur i landet, til Herren, dykkar Guds hus! Til Herren de ropa må.
15Å hå for ein dag! Nær er Herrens dag. Som vald ifrå Allvald han kjem.
16Strauk ikkje maten burt med me såg på, frå Guds hus gleda og frygd?
17Kornet turkar burt under jordskorpa. Tome er buri, lødorne øydest. Ja, kornet turkar burt.
18Kor buskapen rautar! Rådlaus er kvar bøling; for ikkje beite dei finn, sauerne jamvel lyt bøta.
19Til deg, Herre, ropar eg. For elden han åt hamni på heidi, og logen leika i ved og i tre.
20Jamvel dyri i marki etter deg mun stynja, for turre er bekkjefari. Og elden han åt hamni på heidi.

Studentmållagsbibelen frå 1921
절을 누르면 복사·공유·형광펜·메모를 쓸 수 있습니다. 점선 낱말은 교회백과 문서로 이어집니다.

이 장에 20절
1 / 3장

본문은 Studentmållagsbibelen frå 1921(노르웨이어(뉘노르스크)) — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) 형광펜·메모·읽은 표시는 판과 상관없이 같은 장에 함께 남습니다. 점선이 그어진 낱말은 교회백과에 문서가 있는 인물·지명·용어입니다(한 화면에 한 번씩만 표시). 형광펜·메모·읽은 표시는 이 브라우저에만 저장되며 내 표시에서 모아 볼 수 있습니다.

이 장을 언급한 문서

더 보기