로그인

요한계시록 1장 Studentmållagsbibelen frå 1921

예언 · Revelation · Studentmållagsbibelen frå 1921 · 20절

절 보기

요한계시록의 첫 장으로, 책의 머리말과 일곱 교회에 보내는 인사, 그리고 요한이 밧모섬에서 일곱 금 촛대 사이에 선 "인자 같은 이"를 본 첫 환상을 담고 있다.

절 바로가기

1요한계시록 · Studentmållagsbibelen frå 1921
1Jesu Kristi openberring, som Gud gav honom til å visa tenarane sine det som snart skal hendast; og han sende bod ved engelen sin og synte det i teikn for tenaren sin Johannes,
2som hev vitna um Guds ord og Jesu Kristi vitnemål, alt det han såg.
3Sæl er den som les og dei som høyrer det profetiske ord og gøymer det som stend skrive der; for tidi er nær!
4Johannes til dei sju kyrkjelydarne i Asia: Nåde vere med dykk og fred frå honom som er og som var og som kjem, og frå dei sju ånder som er framfor hans kongsstol,
5og frå Jesus Kristus, det truverdige vitnet, den fyrstefødde av dei daude og herren yver kongarne på jordi! Honom som elskar oss og hev fria oss frå synderne våre med sitt blod,
6og som hev gjort oss til eit kongerike, til prestar for Gud og sin Fader, honom tilhøyrer æra og magti i all æva! Amen. 해설
7Sjå, han kjem med skyerne, og kvart auga skal sjå honom, ogso dei som hev gjenomstunge honom, og alle ætter på jordi skal gråta sårt for honom. Ja, Amen!
8Eg er A og Å, segjer Herren Gud, han som er og som var og som kjem, den Allmegtige. 해설
9Eg, Johannes, som er dykkar bror og luthavande i trengsla og i riket og i tolmodet i Jesus, eg var på den øyi som heiter Patmos, for Guds ord og Jesu vitnemål skuld.
10Eg var burtrykt i Anden på Herrens dag, og eg høyrde attanfor meg ei sterk røyst som av ein basun, som sagde:
11«Det du ser, skriv det upp i ei bok og send det til dei sju kyrkjelydarne, til Efesus og til Smyrna og til Pergamum og til Tyatira og til Sardes og til Filadelfia og til Laodikea!»
12Og eg snudde meg, so eg kunde sjå røysti som tala med meg, og då eg snudde meg, såg eg sju ljosestakar av gull,
13og midt imillom dei sju ljosestakarne ein som var lik ein menneskjeson, klædd i ein fotsid kjole og umbunden under bringa med eit gullbelte,
14og hovudet og håret hans var kvitt som kvit ull, som snø, og augo hans som eldsloge,
15og føterne hans var liksom skinande kopar, som dei var glødde i ein omn, og røysti hans var som ljod av mange vatn.
16Og han hadde sju stjernor i si høgre hand, og eit tvieggja kvast sverd gjekk ut or munnen hans, og hans åsyn var som soli når ho skin i si kraft. 해설
17Og då eg såg honom, fall eg ned for føterne hans som ein daud; og han lagde si høgre hand på meg og sagde:
18«Ottast ikkje! eg er den fyrste og den siste og den livande; og eg var daud, og sjå, eg er livande i all æva! Og eg hev lyklarne til dauden og til helheimen.
19Skriv då det du såg, både det som er, og det som skal henda heretter,
20løyndomen med dei sju stjernorne som du såg i mi høgre hand, og dei sju gull-ljosestakarne! Dei sju stjernorne er englar for dei sju kyrkjelydarne, og dei sju ljosestakarne er dei sju kyrkjelydarne.»

Studentmållagsbibelen frå 1921
절을 누르면 복사·공유·형광펜·메모를 쓸 수 있습니다. 점선 낱말은 교회백과 문서로 이어집니다.

이 장에 20절
1 / 22장

본문은 Studentmållagsbibelen frå 1921(노르웨이어(뉘노르스크)) — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) 형광펜·메모·읽은 표시는 판과 상관없이 같은 장에 함께 남습니다. 점선이 그어진 낱말은 교회백과에 문서가 있는 인물·지명·용어입니다(한 화면에 한 번씩만 표시). 형광펜·메모·읽은 표시는 이 브라우저에만 저장되며 내 표시에서 모아 볼 수 있습니다.

이 장의 구절 해설 문서 3

이 장을 언급한 문서

더 보기