로그인

요한삼서 1장 Studentmållagsbibelen frå 1921

일반서신 · 3 John · Studentmållagsbibelen frå 1921 · 14절

절 보기

요한삼서 1장은 한 장으로 된 요한삼서 전체로, 장로가 가이오에게 나그네 된 순회 전도자들을 대접한 일을 칭찬하고, 이들을 막는 디오드레베를 꾸짖으며, 데메드리오를 추천하는 짧은 개인 편지이다.

절 바로가기

1요한삼서 · Studentmållagsbibelen frå 1921
1Den eldste til den kjære Gaius, som eg elskar i sanning.
2Kjære ven! Eg ynskjer at du i alle måtar må liva vel og hava helsa, liksom di sjæl liver vel. 해설
3For eg vart mykje glad då det kom nokre brør og vitna um di sanning, korleis du ferdast i sanning. 해설
4Eg hev ingi større gleda enn det, at eg høyrer mine born ferdast i sanningi.
5Kjære ven, du gjer ei trufast gjerning med det du gjer mot brørne, og det jamvel mot dei framande,
6og dei hev vitna for kyrkjelyden um din kjærleik. Du gjer vel um du hjelper deim i veg, som det er sømelegt for Gud.
7For det er for hans namn skuld dei er gjengne ut, og dei tek ikkje imot noko av heidningarne.
8Me er då skuldige til å taka imot slike, so me kann verta medarbeidarar for sanningi.
9Eg hev skrive til kyrkjelyden; men Diotrefes, som gjerne vil vera fyrstemannen millom deim, tek ikkje imot oss.
10Difor vil eg, når eg kjem, minna um dei gjerningar som han gjer, med di han baktalar oss med vonde ord; og ikkje nøgd med det, tek han ikkje sjølv imot brørne, og deim som det vil, hindrar han og støyter deim ut or kyrkjelyden.
11Kjære, gjer ikkje etter det vonde, men etter det gode! den som gjer godt, er av Gud; den som gjer vondt, hev ikkje set Gud.
12Demetrius hev godt lov av alle og av sjølve sanningi; ogso me gjev honom godt vitnemål, og du veit at vårt vitnemål er sant.
13Eg hadde mangt å skriva til deg, men eg vil ikkje skriva til deg med blekk og penn.
14Men eg vonar å få sjå deg snart, og då skal me talast ved munn til munn. Fred vere med deg! Venerne helsar deg. Helsa venerne med namn!

Studentmållagsbibelen frå 1921
절을 누르면 복사·공유·형광펜·메모를 쓸 수 있습니다. 점선 낱말은 교회백과 문서로 이어집니다.

이 장에 14절
1 / 1장

본문은 Studentmållagsbibelen frå 1921(노르웨이어(뉘노르스크)) — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) 형광펜·메모·읽은 표시는 판과 상관없이 같은 장에 함께 남습니다. 점선이 그어진 낱말은 교회백과에 문서가 있는 인물·지명·용어입니다(한 화면에 한 번씩만 표시). 형광펜·메모·읽은 표시는 이 브라우저에만 저장되며 내 표시에서 모아 볼 수 있습니다.

이 장의 구절 해설 문서 2

이 장을 언급한 문서

더 보기