1Den eldste til den utvalde fru og borni hennar, som eg elskar i sanning, og ikkje berre eg, men alle dei med som hev lært å kjenna sanningi,
2for den sanning skuld som vert verande i oss og skal vera med oss til æveleg tid:
3Nåde, miskunn, fred skal vera med oss frå Gud Fader og frå Jesus Kristus, Faderens son, i sanning og kjærleik!
4Eg hev gledt meg storleg yver at eg hev funne nokre av borni dine som ferdast i sanning, so som me fekk bod av Faderen.
5Og no bed eg deg, fru, ikkje som um eg skreiv deg eit nytt bod, men det som me hadde frå upphavet: at me skal elska kvarandre.
6Og dette er kjærleiken, at me ferdast etter hans bod. Dette er bodet, so som de høyrde det frå upphavet, at de skal ferdast etter det.해설
7For mange forførarar hev gjenge ut i verdi, som ikkje sannar at Jesus er Kristus komen i kjøt. Dette er forføraren og Antikrist.
8Vara dykk at de ikkje skal missa det de hev arbeidt dykk til, men må få full løn!
9Den som gjeng på avveg og ikkje held ved i Kristi læra, han hev ikkje Gud; den som held ved i læra, han hev både Faderen og Sonen.
10Dersom det kjem nokon til dykk og ikkje fører denne læra, so tak honom ikkje inn i huset, og bjod honom ikkje velkomen!
11For den som byd honom velkomen, vert medskuldig med honom i hans vonde verk.
12Endå eg hev mykje å skriva til dykk, vil eg ikkje gjera det med papir og blekk; men eg vonar å koma til dykk og tala munnleg med dykk, so vår gleda kann verta fullkomi.
Studentmållagsbibelen frå 1921 절을 누르면 복사·공유·형광펜·메모를 쓸 수 있습니다. 점선 낱말은 교회백과 문서로 이어집니다.
이 장에 13절
1 / 1장
본문은 Studentmållagsbibelen frå 1921(노르웨이어(뉘노르스크)) — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) 형광펜·메모·읽은 표시는 판과 상관없이 같은 장에 함께 남습니다. 점선이 그어진 낱말은 교회백과에 문서가 있는 인물·지명·용어입니다(한 화면에 한 번씩만 표시). 형광펜·메모·읽은 표시는 이 브라우저에만 저장되며 내 표시에서 모아 볼 수 있습니다.