1Det som var ifrå upphavet, det som me hev høyrt, det som me hev set med augo våre, det som me skoda, og henderne våre tok på, um livsens ord
2- og livet vart openberra, og me hev set det og vitnar og forkynner dykk livet, det ævelege, som var hjå Faderen og vart openberra for oss -
3det som me hev set og høyrt, det forkynner me dykk og, so de kann hava samfund med oss. Men vårt samfund er med Faderen og med hans son Jesus Kristus.
4Og dette skriv me, so dykkar gleda kann vera fullkomi.
5Og dette er den bodskapen me hev høyrt av honom og forkynner dykk, at Gud er ljos, og det finst inkje myrker i honom.
6Dersom me segjer at me hev samfund med honom, og me ferdast i myrkret, so lyg me og gjer ikkje sanningi.
7Men dersom me ferdast i ljoset, liksom han er i ljoset, so hev me samfund med kvarandre, og Jesu, hans sons, blod reinsar oss frå all synd.해설
8Dersom me segjer at me ikkje hev synd, so dårar me oss sjølve, og sanningi er ikkje i oss.
9Dersom me sannar synderne våre, so er han trufast og rettferdig, so han forlet oss synderne og reinsar oss frå all urettferd.해설
10Dersom me segjer at me ikkje hev synda, so gjer me honom til ljugar, og hans ord er ikkje i oss.
Studentmållagsbibelen frå 1921 절을 누르면 복사·공유·형광펜·메모를 쓸 수 있습니다. 점선 낱말은 교회백과 문서로 이어집니다.
이 장에 10절
1 / 5장
본문은 Studentmållagsbibelen frå 1921(노르웨이어(뉘노르스크)) — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) 형광펜·메모·읽은 표시는 판과 상관없이 같은 장에 함께 남습니다. 점선이 그어진 낱말은 교회백과에 문서가 있는 인물·지명·용어입니다(한 화면에 한 번씩만 표시). 형광펜·메모·읽은 표시는 이 브라우저에만 저장되며 내 표시에서 모아 볼 수 있습니다.