로그인

학개 1장 Studentmållagsbibelen frå 1921

소선지서 · Haggai · Studentmållagsbibelen frå 1921 · 15절

절 보기

학개 1장은 포로 귀환 뒤 성전 재건을 미루던 유다 백성에게 학개 선지자가 공사를 다시 시작하라고 전한 말씀과, 지도자와 백성이 이에 순종해 성전 일을 시작한 일을 기록한 장이다.

절 바로가기

1학개 · Studentmållagsbibelen frå 1921
1I andre styringsåret åt kong Darius, fyrste dagen i sette månaden, kom Herrens ord ved profeten Haggai til Zerubbabel Sealtielsson, jarl yver Juda, og til øvstepresten Josva Josadaksson:
2So segjer Herren, allhers drott: Dette folket segjer: «Det er ikkje enno tid til å koma, tid til å byggja Herrens hus.»
3Men so kom Herrens ord ved profeten Haggai:
4Er det då tid for dykk sjølve å bu i dykkar bordklædde hus, medan dette huset ligg i øyde?
5Og no segjer Herren, allhers drott, so: Agta på korleis det gjeng dykk!
6De sår mykje, og haustar lite; de et og vert ikkje mette; de drikk og sløkkjer ikkje torsten; de klæder dykk og vert ikkje varme; leigetenaren fær si løn i ein botnelaus pung.
7So segjer Herren, allhers drott: «Agta på korleis det gjeng dykk!»
8Far til fjells og henta timber og bygg upp templet, so eg kann hava hugnad i det og syna meg herleg, segjer Herren.
9De vona mykje og vann lite; de førde heim og eg bles det burt. Kvifor? segjer Herren, allhers drott. Jau, for mitt hus skuld, av di det ligg i øyde, medan de sjølve hev det annsamt kvar med sitt hus.
10Difor hev himmelen meinka dykk dogg og jordi meinka dykk grøda.
11Eg hev kalla turk yver land og fjell, yver korn og druvesaft og olje og alt som gror på marki, yver folk og fe og all dykkar arbeidsvinning.
12Zerubbabel Sealtielsson og øvstepresten Josva Josadaksson og alt det som var att av folket lydde på Herren, sin Gud, og ordi frå profeten Haggai, av di Herren, deira Gud, hadde sendt honom; og folket bar age for Herren.
13Og Herrens sendebod Haggai bar fram Herrens bod til folket: Eg er med dykk, segjer Herren.
14Og Herren kveikte hugen hjå Zerubbabel Sealtielsson, jarlen yver Juda, og hjå øvstepresten Josva Josadaksson og hjå alle deim som var att av folket, so dei lagde i veg og arbeidde på huset åt Herren, allhers drott, deira Gud;
15den fire og tjugande dagen i sette månaden i andre styringsåret åt kong Darius.

Studentmållagsbibelen frå 1921
절을 누르면 복사·공유·형광펜·메모를 쓸 수 있습니다. 점선 낱말은 교회백과 문서로 이어집니다.

이 장에 15절
1 / 2장

본문은 Studentmållagsbibelen frå 1921(노르웨이어(뉘노르스크)) — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) 형광펜·메모·읽은 표시는 판과 상관없이 같은 장에 함께 남습니다. 점선이 그어진 낱말은 교회백과에 문서가 있는 인물·지명·용어입니다(한 화면에 한 번씩만 표시). 형광펜·메모·읽은 표시는 이 브라우저에만 저장되며 내 표시에서 모아 볼 수 있습니다.

이 장을 언급한 문서

더 보기