로그인

호세아 1장 Studentmållagsbibelen frå 1921

소선지서 · Hosea · Studentmållagsbibelen frå 1921 · 11절

절 보기

호세아서의 첫 장이다. 선지자 호세아가 고멜과 결혼해 낳은 세 자녀의 이름으로 북이스라엘의 심판을 선언하고, 이어서 회복을 약속한다.

절 바로가기

1호세아 · Studentmållagsbibelen frå 1921
1Herrens ord som kom til Hosea, son åt Be’eri, i dei dagarne då Uzzia, Jotam, Ahaz og Hizkia var kongar i Juda, og då Jeroboam, son åt Joas, var konge i Israel.
2Herrens fyrste ord til Hosea var at han sagde til honom: «Gakk stad og få deg ei horkona og horeborn! For landet driv på med hor og fer soleis burt ifrå Herren.»
3Då gjekk han stad og gifte seg med Gomer dotter, hans Diblajim. Og ho vart med barn og fødde honom ein son.
4Og Herren sagde til honom: «Lat honom heita Jizre’el! For um ein stakkut stund vil eg lata huset hans Jehu lida for Jizre’els blodskuld og gjera ende på kongedømet i Israels hus.
5Den dagen skal det bera so til at eg bryt sund Israels boge i Jizre’els dal.»
6Og ho vart med barn att og fekk ei dotter. Då sagde han til honom: «Lat henne heita Lo-Ruhama! For eg kjem ikkje lenger til å miskunna Israels hus, so eg tilgjev deim.
7Men Judas hus miskunnar eg og let deim verta frelste av Herren, deira Gud. Men med boge og sverd og krig, med hestar og ridarar frelser eg deim ikkje.»
8Då ho hadde vant av Lo-Ruhama, vart ho med barn att og fekk ein son.
9Då sagde han: «Lat honom heita Lo-Ammi! For de er ikkje mitt folk, ikkje heller skal eg høyra dykk til.»
10Men talet på Israels born skal vera som sanden på havsens strand, den som ikkje kann mælast eller teljast. Og det skal verta so, at der ein fyrr sagde til deim: «De er ikkje mitt folk,» der skal ein segja til deim: «Borni åt den livande Gud.»
11Og Juda-borni og Israels-borni skal fylkja seg saman og velja seg ein konge og fara upp or landet. For stor er Jizre’els dag.

Studentmållagsbibelen frå 1921
절을 누르면 복사·공유·형광펜·메모를 쓸 수 있습니다. 점선 낱말은 교회백과 문서로 이어집니다.

이 장에 11절
1 / 14장

본문은 Studentmållagsbibelen frå 1921(노르웨이어(뉘노르스크)) — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) 형광펜·메모·읽은 표시는 판과 상관없이 같은 장에 함께 남습니다. 점선이 그어진 낱말은 교회백과에 문서가 있는 인물·지명·용어입니다(한 화면에 한 번씩만 표시). 형광펜·메모·읽은 표시는 이 브라우저에만 저장되며 내 표시에서 모아 볼 수 있습니다.

이 장을 언급한 문서

더 보기