로그인

히브리서 1장 Studentmållagsbibelen frå 1921

일반서신 · Hebrews · Studentmållagsbibelen frå 1921 · 14절

절 보기

히브리서의 첫 장. 하나님이 마지막 날에 아들로 말씀하셨다고 선언하고, 시편 등 구약 인용을 엮어 아들이 천사보다 뛰어남을 보여 준다.

절 바로가기

1히브리서 · Studentmållagsbibelen frå 1921
1Etter at Gud fordom hadde tala mange gonger og på mange måtar til federne gjenom profetarne, so hev han i desse siste dagar tala til oss gjenom Sonen. 해설
2Honom hev han sett til erving yver alle ting, og ved honom hev han og gjort verdi.
3Han er avglansen av hans herlegdom og avbilætet av hans grunn-hått, og ber alle ting ved sitt veldes ord, og då han hadde gjort reinsing for synderne våre, sette han seg difor ved høgre handi åt Majestæten i det høge,
4og han hev vorte so mykje hævare enn englarne som han hev ervt eit herlegare namn framfor deim.
5For kven av englarne hev han noko sinn sagt det til: «Du er son min, eg hev født deg i dag?» og atter: «Eg vil vera honom ein far, og han skal vera meg ein son.»
6Men når han atter fører den fyrstefødde inn i verdi, segjer han: «Og alle Guds englar skal tilbeda honom.»
7Og um englarne segjer han: «Han som gjer englarne sine til vindar og tenarane sine til eldsloge;»
8men um Sonen: «Din kongsstol, Gud, stend i all æva; ein kongsstav med rettvisa er kongsstaven i ditt rike.
9Du elska rettferd og hata urett; difor hev Gud, din Gud, salva deg med fagnads olje framfor dine medbrør.»
10Og: «Du, Herre, grunnfeste jordi frå upphavet, og himlarne er verk av dine hender; 해설
11dei skal forgangast, men du vert verande, og dei skal alle eldast som ein klædnad,
12og som ei kåpa skal du rulla deim saman, og dei skal verta umskifte, men du er den same, og dine år skal ikkje få ende.»
13Men kven av englarne hev han noko sinn sagt det til: «Set deg ved mi høgre hand, til dess eg legg dine fiendar til skammel under dine føter?»
14Er dei ikkje alle saman tenande ånder, som vert utsende til tenesta for deira skuld som skal erva frelsa?

Studentmållagsbibelen frå 1921
절을 누르면 복사·공유·형광펜·메모를 쓸 수 있습니다. 점선 낱말은 교회백과 문서로 이어집니다.

이 장에 14절
1 / 13장

본문은 Studentmållagsbibelen frå 1921(노르웨이어(뉘노르스크)) — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) 형광펜·메모·읽은 표시는 판과 상관없이 같은 장에 함께 남습니다. 점선이 그어진 낱말은 교회백과에 문서가 있는 인물·지명·용어입니다(한 화면에 한 번씩만 표시). 형광펜·메모·읽은 표시는 이 브라우저에만 저장되며 내 표시에서 모아 볼 수 있습니다.

이 장의 구절 해설 문서 2

이 장을 언급한 문서

더 보기