로그인

로마서 1장 Studentmållagsbibelen frå 1921

바울서신 · Romans · Studentmållagsbibelen frå 1921 · 32절

절 보기

로마서 1장은 바울의 인사와 로마 방문 소원, 편지의 주제인 "복음에 나타난 하나님의 의"를 밝히고, 하나님을 떠난 인류의 죄를 고발하기 시작하는 장이다.

절 바로가기

1로마서 · Studentmållagsbibelen frå 1921
1Paulus, Jesu Kristi tenar, kalla til apostel, utkåra til å forkynna Guds evangelium,
2som han lova fyreåt gjenom profetarne sine i heilage skrifter,
3um Son hans, som etter kjøtet er komen av Davids ætt,
4som etter heilagdoms ånd er sannsynt å vera Guds velduge Son ved uppstoda frå dei daude, Jesus Kristus, vår Herre,
5som me fekk nåde ved og apostel-embætte til å verka lydnad i tru millom alle heidningfolki for hans namn skuld
6- millom deim er de og kalla til Jesus Kristus -
7til alle deim i Rom som Gud elskar, de kalla, heilage: Nåde vere med dykk og fred frå Gud, vår Fader, og Herren Jesus Kristus!
8Fyrst takkar eg min Gud ved Jesus Kristus for dykk alle, av di trui dykkar er namngjeti i heile verdi.
9For Gud som eg tener i mi ånd i hans Sons evangelium, han er mitt vitne um kor uavlatande eg kjem dykk i hug.
10I bønerne mine bed eg alltid um at eg då endeleg eingong med Guds vilje kunde få lukka til å koma til dykk.
11For eg stundar etter å sjå dykk, so eg kunde få gjeva dykk av eikor åndeleg nådegåva med meg til dykkar styrkjing,
12det vil segja at eg hjå dykk kunde hyggjast saman med dykk ved vår sams tru, dykkar og mi.
13Og eg vil ikkje, brør, at de skal vera uvitande um at eg ofte hev etla meg til å koma til dykk - men eg vart hindra alt til no - so eg kunde hava eikor frukt hjå dykk og, liksom hjå hine heidningfolki.
14Eg stend i skuld både til grækarar og barbarar, både til vise og uvise.
15Soleis er eg på mi sida viljug til å preika evangeliet for dykk og som er i Rom.
16For eg skjemmest ikkje ved evangeliet, for det er ei Guds kraft til frelsa for kvar den som trur, både for jøde fyrst og so for grækar. 해설
17For i det vert Guds rettferd openberra av tru til tru, som skrive stend: «Den rettferdige, av tru skal han liva.»
18For Guds vreide vert openberra frå himmelen yver all gudløysa og urettferdi hjå folk som held att sanningi i urettferd. 해설
19For det som ein kann vita um Gud, ligg i dagen for deim, for Gud hev openberra deim det.
20For hans usynlege grunnhått, både hans ævelege kraft og guddom, er synleg sidan han skapte verdi, då ein kann skyna honom av gjerningarne - so folk skal vera utan orsaking
21når dei, endå dei kjende Gud, like vel ikkje æra eller takka honom som Gud, men vart fåfengde i tankarne sine, og deira uvituge hjarta myrktest.
22Medan dei briska seg med at dei var vise, vart dei dårar,
23og dei bytte den uforgjengelege Guds herlegdom burt for eit bilæte som likjest eit forgjengelegt menneskje og fuglar og firføtte dyr og krjupdyr.
24Difor gav Gud deim yver i deira hjartans lyster til ureinskap, so dei skjemde sine likamar seg imillom,
25dei som bytte burt Guds sanning for lygn, og æra og dyrka skapningen framfor skaparen, han som er velsigna i all æva. Amen.
26Difor gav Gud deim yver til skamlege lyster, for både kvinnorne deira forvende det naturlege bruket til det unaturlige, 해설
27og like eins gjekk mennerne og burt frå det naturlege bruket av kvinna og kveiktest upp i lyst til kvarandre, so menner dreiv skjemdarverk med menner, og fekk på seg sjølve det vederlag for si villferd som rett var.
28Og liksom dei ikkje brydde seg um å eiga Gud i kunnskap, so gav Gud deim yver til ein hug som inkje duger, so dei gjorde det usømelege:
29fulle av all urettferd, vanart, vinnesykja, vondskap, fulle av ovund, mord, trætta, svik, fulkynde,
30øyretutarar, baktalarar, gudhata, valdsmenner, stormodige, storordige, uppfinnsame på vondt, ulyduge mot foreldre,
31uvituge, usætande, ukjærlege, miskunnlause;
32slike som vel kjenner Guds dom, at dei som gjer slikt, er verde dauden, og endå ikkje berre gjer det, men og gjev deim medhald som gjer det.

Studentmållagsbibelen frå 1921
절을 누르면 복사·공유·형광펜·메모를 쓸 수 있습니다. 점선 낱말은 교회백과 문서로 이어집니다.

이 장에 32절
1 / 16장

본문은 Studentmållagsbibelen frå 1921(노르웨이어(뉘노르스크)) — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) 형광펜·메모·읽은 표시는 판과 상관없이 같은 장에 함께 남습니다. 점선이 그어진 낱말은 교회백과에 문서가 있는 인물·지명·용어입니다(한 화면에 한 번씩만 표시). 형광펜·메모·읽은 표시는 이 브라우저에만 저장되며 내 표시에서 모아 볼 수 있습니다.

이 장의 구절 해설 문서 3

이 장을 언급한 문서

더 보기