스바냐 1장 Studentmållagsbibelen frå 1921
소선지서 · Zephaniah · Studentmållagsbibelen frå 1921 · 18절
📝 이 장의 개요 흐름·핵심 구절·인물 더 보기 →
스바냐 1장은 요시야 시대에 스바냐가 받은 말씀으로, 유다와 예루살렘의 우상 숭배와 신앙적 무관심을 고발하고 다가오는 '여호와의 날'의 심판을 선포하는 장이다.
절 바로가기
1스바냐 · Studentmållagsbibelen frå 1921
1Herrens ord som kom til Sefanja, son åt Kusi, son åt Gedalja, son åt Amarja, son åt Hizkia, i dei dagar då Josia Amonsson var konge i Juda.
2Burt, ja burt vil eg taka alt frå jordi, segjer Herren.
3Eg vil taka burt menneskje og dyr, taka burt fuglarne under himmelen og fiskarne i havet og støytesteinarne i lag med dei gudlause, og eg vil rydja menneski ut av jordi, segjer Herren.
4Og eg vil retta ut handi mi mot Juda og alle deim som bur i Jerusalem, og eg vil rydja ut frå denne staden den siste leivning av Ba’al, namnet åt avgudsprestarne i lag med prestarne,
5deim som på taki bed til himmelheren, deim som bed til og sver ved Herren og attpå sver ved Milkom,
6og deim som hev vendt seg burt frå Herren, og deim som ikkje hev søkt Herren og ikkje spurt etter honom.
7Ver stille for Herren, Herren! For Herrens dag er nær, Herren hev laga til eit slagtoffer, han hev vigt sine gjester.
8Og på Herrens slagtofferdag vil eg heimsøkja hovdingarne og kongssønerne og alle som klæder seg i utanlands-klæde.
9Og eg vil på den dagen heimsøkja alle deim som hoppar yver dørstokken, dei som fyller sin Herres hus med vald og svik.
10På den dagen, segjer Herren, skal det høyrast skrik frå Fiskeporten, jammer frå Nybyen og stort brak frå høgderne.
11Jamra, de som bur i Mortelen, for heile kræmerfolket er gjort til inkjes, og alle kjøpmenner utrudde.
12Og på den same tidi vil eg ransaka Jerusalem med lykter og heimsøkja dei menneskje som ligg i ro på sin berm og segjer i sitt hjarta: «Herren gjer korkje godt eller vondt.»
13Og eigedomen deira skal verta til herfang og husi deira til tjon. Hus skal dei byggja, men ikkje bu i deim, vinhagar skal dei planta, men ikkje drikka deira vin.
14Nær er Herrens dag, den store. Han er nær og kjem med stor hast. Høyr! Det er Herrens dag! Sårt skrik då kjempa.
15Ein vreide-dag er den dagen, ein dag med naud og trengsla, ein dag med øyding og audner, ein dag med myrker og dimma, ein dag med skyer og skodda,
16ein dag med lurblåster og herrop mot dei faste byar og mot dei høge murtindar.
17Då vil eg setja folk i slik angest, at dei gjeng der som blinde, for di dei hev synda mot Herren. Blodet deira skal verta burtslengt som mold, og kjøtet deira som møk.
18Korkje sylvet eller gullet deira skal kunde berga deim på Herrens vreide-dag, når elden frå hans brennhug øyder all jordi; for han vil gjera ende, ja, ein brå ende på alle deim som bur på jordi.
Studentmållagsbibelen frå 1921
절을 누르면 복사·공유·형광펜·메모를 쓸 수 있습니다. 점선 낱말은 교회백과 문서로 이어집니다.
본문은 Studentmållagsbibelen frå 1921(노르웨이어(뉘노르스크)) — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) 형광펜·메모·읽은 표시는 판과 상관없이 같은 장에 함께 남습니다. 점선이 그어진 낱말은 교회백과에 문서가 있는 인물·지명·용어입니다(한 화면에 한 번씩만 표시). 형광펜·메모·읽은 표시는 이 브라우저에만 저장되며 내 표시에서 모아 볼 수 있습니다.
이 장을 언급한 문서
더 보기
글자 크기
바탕색과 글자색 (읽기 화면만)
글꼴
글자 두께
줄 간격
표시
읽어 주기 속도
읽어 주기