출애굽기 1장 Studentmållagsbibelen frå 1921
모세오경 · Exodus · Studentmållagsbibelen frå 1921 · 22절
📝 이 장의 개요 흐름·핵심 구절·인물 더 보기 →
출애굽기 1장은 애굽에서 크게 번성한 이스라엘 자손을 요셉을 알지 못하는 새 왕이 강제 노역으로 억압하고, 히브리 남자 아기를 죽이라고 명령하는 장이다. 산파들은 하나님을 두려워하여 이 명령을 따르지 않는다.
절 바로가기
1출애굽기 · Studentmållagsbibelen frå 1921
1No skal de få høyra namni på Israels-sønerne som kom til Egyptarland; med Jakob kom dei, kvar med sin huslyd:
2Ruben og Simeon og Levi og Juda,
3Issakar og Sebulon og Benjamin,
4Dan, Naftali, Gad og Asser.
5Med alle i hop var det sytti mann som var ætta frå Jakob; Josef han var no alt i Egyptarland.
6Og Josef døydde, og alle brørne hans, og heile den ætti.
7Men Israels-folket muna og voks og auka og vart uhorveleg mannsterke, so dei fyllte heile landet.
8Då kom det ein ny konge i Egyptarland, som ikkje visste noko um Josef.
9Og han sagde med folki sine: «Sjå, Israels-lyden er større og sterkare enn me.
10Lat oss no fara klokt fram, so dei ikkje skal aukast so mykje! For kjem det ufred, so kunde dei gjerne slå seg i hop med uvenerne våre, og strida mot oss, og fara or landet!»
11So sette dei futar yver deim, som skulde plåga deim med tungarbeid, og dei laut byggja tvo byar med varehus for Farao; det var Pitom og Ramses.
12Men di meir dei plåga deim, di meir auka dei, og di meir breidde dei seg ut, og egyptarane tok til å fæla for Israels-folket.
13Soleis nøydde dei no Israels-folket til å træla for seg,
14og gjorde livet surt for deim med hardt arbeid i leirtaki og tiglverki og med allslags jordarbeid: alt arbeidet dei vilde ha gjort, det truga dei deim til å gjera.
15Og kongen i Egyptarland sagde til dei hebraiske ljosmøderne - den eine av dei heitte Sifra og den andre Pua -:
16«Kvar gong de hjelper ei hebraisk barnsengkona,» sagde han, «so skal de sjå i fødestolen: Er det son ho hev fenge, so drep honom! er det dotter, so må ho liva.»
17Men ljosmøderne hadde age for Gud, og gjorde ikkje som kongen i Egyptarland sagde, men let småsveinarne liva.
18Då kalla kongen ljosmøderne fyre seg, og sagde med deim: «Kvi gjer de dette og let sveinborni liva?»
19«Dei hebraiske konorne er ikkje som dei egyptiske,» svara ljosmøderne; «dei er sterkare; innan ljosmori kjem, hev dei fenge barnet.»
20Då gjorde Gud vel imot ljosmøderne; og folket auka, og vart ovleg mangment.
21Og for di ljosmøderne hadde age for Gud, so gav han deim ætt og avkjøme.
22Men Farao sende bod utyver til heile folket sitt og sagde: «Kvar son som kjem til verdi, skal de kasta i elvi; berre døtterne skal de lata liva!»
Studentmållagsbibelen frå 1921
절을 누르면 복사·공유·형광펜·메모를 쓸 수 있습니다. 점선 낱말은 교회백과 문서로 이어집니다.
본문은 Studentmållagsbibelen frå 1921(노르웨이어(뉘노르스크)) — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) 형광펜·메모·읽은 표시는 판과 상관없이 같은 장에 함께 남습니다. 점선이 그어진 낱말은 교회백과에 문서가 있는 인물·지명·용어입니다(한 화면에 한 번씩만 표시). 형광펜·메모·읽은 표시는 이 브라우저에만 저장되며 내 표시에서 모아 볼 수 있습니다.
이 장을 언급한 문서
더 보기
최근 읽은 곳
출애굽기 40장
초성으로 성경찾기
구약 39권
신약 27권
← → 키나 본문을 옆으로 밀어도 앞뒤 장으로 넘어갑니다.
글자 크기
바탕색과 글자색 (읽기 화면만)
글꼴
글자 두께
줄 간격
표시
읽어 주기 속도
읽어 주기