로그인

마태복음 1장 Studentmållagsbibelen frå 1921

복음서 · Matthew · Studentmållagsbibelen frå 1921 · 25절

절 보기

마태복음의 첫 장으로, 아브라함부터 예수까지 세 시기 열네 대씩의 족보와 마리아가 성령으로 잉태해 예수가 태어나기까지의 과정을 요셉 중심으로 기록한다.

절 바로가기

1마태복음 · Studentmållagsbibelen frå 1921
1Soga um Jesus Kristus. Davids son og Abrahams son.
2Abraham fekk sonen Isak, og Isak fekk sonen Jakob, og Jakob fekk Juda og brørne hans,
3og Juda fekk sønerne Peres og Zerah med Tamar, og Peres fekk sonen Hesron, og Hesron fekk sonen Ram,
4og Ram fekk sonen Amminadab, og Amminadab fekk sonen Nahson, og Nahson fekk sonen Salmon,
5og Salmon fekk sonen Boaz med Rahab, og Boaz fekk sonen Obed med Rut, og Obed fekk sonen Isai,
6og Isai var far åt David, kongen. David fekk sonen Salomo med kona åt Uria,
7og Salomo fekk sonen Rehabeam, og Rehabeam fekk sonen Abia, og Abia fekk sonen Asa,
8og Asa fekk sonen Josafat, og Josafat fekk sonen Joram, og Joram fekk sonen Uzzia,
9og Uzzia fekk sonen Jotam, og Jotam fekk sonen Ahaz, og Ahaz fekk sonen Hizkia,
10og Hizkia fekk sonen Manasse, og Manasse fekk sonen Amon, og Amon fekk sonen Josia,
11og Josia fekk Jekonja og brørne hans; dei livde i den tidi då folket vart ført til Babylon.
12Etter dei vart førde til Babylon, fekk Jekonja sonen Sealtiel, og Sealtiel fekk sonen Zerubbabel,
13og Zerubbabel fekk sonen Abiud, og Abiud fekk sonen Eljakim, og Eljakim fekk sonen Asor,
14og Asor fekk sonen Sadok, og Sadok fekk sonen Akim, og Akim fekk sonen Eliud,
15og Eliud fekk sonen Eleazar, og Eleazar fekk sonen Mattan, og Mattan fekk sonen Jakob,
16og Jakob var far åt Josef, mannen hennar Maria som fødde Jesus til verdi, han me kallar Kristus.
17Soleis er det i alt fjortan ættleder frå Abraham til David, og fjortan ættleder frå David til Babylon-ferdi, og fjortan ættleder frå Babylon-ferdi til Kristus.
18Då Kristus vart fødd, gjekk det soleis til: Medan mor hans, Maria, var trulova med Josef, og fyrr dei kom i hop, synte det seg at ho var med barn av den Heilage Ande.
19Josef, festarmannen hennar, var ein rett-tenkt mann, og vilde ikkje føra skam yver henne; han sette seg fyre å skiljast med henne so stilt han kunde.
20Men best som han hadde rådt seg til det, synte Herren engel seg for honom i draume og sagde: «Josef, Davids son, ver ikkje rædd å taka Maria, festarmøyi di, heim til deg; for det ho ber under beltet, er av den Heilage Ande.
21Ho skal eiga ein son, og honom skal du kalla Jesus; for han skal frelsa folket sitt frå synderne deira.»
22Men alt dette hev hendt av di det laut sannast det som Herren hev tala gjenom profeten, når han segjer: 해설
23«Ei møy mun barnsvon bera: Ein son ho eiga skal, og namnet han skal nemnast med, er Immanuel» - det er det same som: «Gud er med oss». 해설
24Då Josef vakna or svevnen, gjorde han som Herrens engel hadde sagt med honom, og flutte bruri si heim.
25Men han kom ikkje nær henne fyrr ho hadde fenge sonen sin; honom kalla han Jesus.

Studentmållagsbibelen frå 1921
절을 누르면 복사·공유·형광펜·메모를 쓸 수 있습니다. 점선 낱말은 교회백과 문서로 이어집니다.

이 장에 25절
1 / 28장

본문은 Studentmållagsbibelen frå 1921(노르웨이어(뉘노르스크)) — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) 형광펜·메모·읽은 표시는 판과 상관없이 같은 장에 함께 남습니다. 점선이 그어진 낱말은 교회백과에 문서가 있는 인물·지명·용어입니다(한 화면에 한 번씩만 표시). 형광펜·메모·읽은 표시는 이 브라우저에만 저장되며 내 표시에서 모아 볼 수 있습니다.

이 장의 구절 해설 문서 2

이 장을 언급한 문서

더 보기